Skip to the content

Dato: 22.10.2021

Tid: 18.00 - 19.00

Stad: Auditoriet

Pris: 150/50 (student/honnør)

Kjøp Billettar

Kva er ein roman?

Kva betyr «sanning» i ein roman?

Heilt sidan Karl Ove Knausgårds Min kamp-bøker kom ut, har debatten rasa om kva ein roman eigentleg er, og om det finst grenser for kva ein kan skrive om andre i romanform. Kor står den norske romansjangeren samanlikna med t.d. den britisk-amerikanske memoar-tradisjonen eller den franske autofiksjon-sjangaren? Og har eigentleg synet på romanen i Noreg endra seg, eller er det samme debatten, berre med nye forfattarar? 

LitFestBergen inviterer til debatt med forfattar Sandra Lillebø, som i haust ga ut den mykje debatterte, men òg kritikarroste romanen Tingenes tilstand, kritikar i Aftenposten Ingunn Økland og professor i nordisk litteratur, Eirik Vassenden. Samtalen blir leia av forfattar Tore Renberg.

Samtalen blir òg vist på vår YouTube-kanal. Følg denne lenka for å sjå sendinga.

Del Innhald