Ung Ytring 2030
Dato:
11.02.2027
Tid:
09:00 - 09:45
Stad:
Olav H. Hauge
Meld på klassen

Forbudte bøker – Når litteratur blir en trussel

Har du lese ei bok som verkeleg har gjort inntrykk på deg? Kva om nokon bestemte at den boka ein dag ikkje lenger skulle vere tilgjengeleg for deg?

I USA ser vi ei normalisering av at bøker systematisk blir fjerna frå skulebibliotek over heile landet. PEN America har dokumentert 22 810 tilfelle i perioden 2021–2025. Det gjeld særleg bøker om identitet, kjønn, seksualitet og minoritetserfaringar. Også i Noreg har det vore diskusjonar om kva bøker unge bør få tilgang til, og kva bøker dei ikkje bør få tilgang til. Mellom anna har det vore gjort forsøk på å fjerne Gender Queer av Maia Kobabe frå eit skulebibliotek i Arendal.

Norsk PEN og rådsmedlemmer i Ung Ytring 2030, ei nasjonal satsing på ytringsfridommen til unge, av og for unge, i samarbeid med Human-Etisk Forbund, NiM og Fritt Ord, inviterer til ei interaktiv økt. Saman med elevane vil vi undersøke kva som skjer når forteljingar som utfordrar, blir sensurerte, og kven som bør bestemme kva unge toler å møte.