Skip to the content
Du eneste

Dato: 12.02.2027

Tid: 11:15 - 12:00

Stad: Olav H. Hauge

Du eneste

Hilde Hagerup (f. 1976) er ein norsk forfattar. Hagerup gav ut si første novelle då ho var 14 år gammal. Ho har skrive ungdomsbøker og i 2005 kom hennar første vaksenroman Lysthuset ut. Ho har studert historie ved University of London etter å ha studert ved Atlantic College. Hagerup har gitt ut bøker i ulike sjangrar og vunne fleire prisar. I 2018 fekk ho Teskjekjerringprisen for den samla forfattarskapen sin og samfunnsengasjementet sitt. Ho vann Brageprisen og vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for sin nyaste roman: Du eneste (2025). Hagerup skreiv om den tragiske historia til Gunvor Hofmo, ei norsk jente, og Ruth Maier, ein jødisk flyktning frå Wien. I andre verdskrigen og nazi-okkupasjonen blir det skeive forholdet deira endå meir komplisert. Du eneste er ei perfekt blanding av poetisk språk og historisk presisjon.

Del Innhald