Skip to the content
}

Fridom er tema for LitFestBergen 2027

Biletet er frå opninga av festivalen i 2026 og viser festivalsjef Teresa Grøtan på scena
Frå opninga av festivalen i 2026. Foto: Eivind Senneset.

Kvart år tyder festivaltemaet mykje for meg personleg, og med åra har eg erfart at det tyder mykje også for andre.

Etter at vi hadde Svik som tema i 2026, kjende eg på eit behov for å sjå framover mot ei lysare tid, både for samfunnet, for verda og for meg personleg. 



Ja, eg vil feire at eg kan kjenne meg både fri og glad. Eg vil feire at det er mogleg å tru på framtida. Eg har ei urokkeleg tru på kva kultur, og særskilt litteratur, kan gjere for å skape ei betre verd.

Litteraturen er samlande. Eg trur på den felles opplevinga vi kan ha av å lese same bok, eg trur på samtalane som spring ut av bøkene vi les. Gjennom møte både på scenen og i salen håper eg at LitFestBergen kan skape eit inkluderande rom der alle kan snakke, tenke og skrive fritt og ope.

Difor inviterer vi alle til Litteraturhuset i Bergen 10.–14. februar 2027 for å feire litteraturen og fridomen.

Velkommen til LitFestBergen 2027!
Teresa Grøtan, festivalsjef

Del Innhald