Morten Traavik

Morten Traavik (f. 1971, Noreg) er film- og teaterregissør, kunstnar og forfattar, kjend for ei rekkje kontroversielle grense- og sjangeroverskridande scenekunstprosjekt som Miss Landmine (Angola 2008, Kambodsja 2009), Pimp My Aid Worker (Zambia, 2010), det mangeårige kultursamarbeidet med Nord-Korea (2011-2017), Århundrets rettssak (2017), Sløserikommisjonen (2020-2022) og Laila B: Public Enemy (2023). Han var også Forsvarets huskunstnar i 2010. Traavik har gitt ut to eigne bøker, Djevelen er en fallen engel (Aschehoug, 2013) og Forræderens guide til Nord-Korea (Aschehoug, 2018). Han er og medforfattar av Liberation Days: Laibach and North Korea (Timeless, 2018) og Shabana Rehmans sjølvbiografi Mine ni liv (Vigmostad & Bjørke, 2023).

