
Dato: 07.02.2025
Tid: 16:45 - 17:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 190/ 90 Student
Korleis jaktar journalistar på sanninga?
Korleis klarer journalistar å skille sanninga frå løgnen? Kva prosessar bruker dei for å sjekke fakta og for å danne seg eit heilt bilete av ein kompleks sak? Og kva journalistisk sjanger eignar seg best: Lange format som til dømes boka, eller artikkelen?
Panelet vil diskutere teknikkar journalistar og redaktørar nyttar for å komme fram til ei sanning dei er sikre på: Sørafrikanske Mark Gevisser har skrive ei rekke sakprosabøker, primært politiske og biografiske, svenske Jesper Huor har jobba både med radio- TV- og bokformatet, og amerikanske Madeleine Schwartz har lang erfaring som journalist og redaktør både i USA og Europa, mens Marte Spurkland har skrive fleire journalistiske sakprosabøker. Samtalen blir leia av Esther King, redaktør i The Dial.
Samtalen er på engelsk.