Skip to the content

Dato: 07.02.2025

Tid: 18:00 - 19:00

Stad: Auditoriet

Pris: 110/50 (student)

Kjøp Billettar

Framtidas forfattarar

Frå dei lyse lokala til Skrivekunstakademiet kjem det stadig nye framståande skrivarar. Jon Fosse underviste Karl Ove Knausgård og Øyvind Rimbereid, Rolf Sagen underviste Agnes Ravatn og Tina Åmodt. I dag er m.a. Eli Fossdal Vaage og Erlend Nødtvedt skrivelærarar ved Skrivekunstakademiet.

Årsstudiet i skapande skriving har kvart år tolv deltakarar og lista over tidlegare studentar som har blitt forfattarar er lang. Korleis høyrest det ut når tekstane beveger seg opp på scenen før dei har blitt til bøker? Kom på eit eksklusivt møte med framtidas forfattarar, presentert av akademi-leiar Sivert Nesbø.

Del Innhald