Nye tekstar om sanning: Tishani Doshi

Foto: Philippe Psailascience Photo Library / NTB
Publiseringsdato:
24.01.2025
Det litterære tidsskriftet Vinduet og LitFestBergen har saman invitert fire forfattarar frå fire ulike kontinent (Tishani Doshi, India; Abubakar Adam Ibrahim, Nigeria; Johannes Anyuru, Sverige; Gabriela Wiener, Peru) til å skrive personlege essay om festivaltemaet “Sanning”.
“Kva kan vi seie om desse måleria som har overlevd så lenge? At dei bryt saman tida mellom den fjerne fortida og notida? At geologien til hòler, med sine stripeformasjonar, legg til rette for visjonar?», skriv den indiske poeten Tishani Doshi i eit essay om holemaleri, opplysning og falske minne (omsett frå engelsk av Ingvill Kjærstein).
Teksten kan du lese i sin heilskap på originalspråket ved å trykkje på artikkelen nedanfor.