Nye tekstar om sanning: Johannes Anyuru

Publiseringsdato:
20.01.2025
Det litterære tidsskriftet Vinduet og LitFestBergen har saman invitert fire forfattarar frå fire ulike kontinent (Tishani Doshi, India; Abubakar Adam Ibrahim, Nigeria; Johannes Anyuru, Sverige; Gabriela Wiener, Peru) til å skrive personlege essay om festivaltemaet “Sanning”.
Første essay ut er skrive av den svenske forfattaren Johannes Anyuru om uhyre og ljos, ruinar og fridom. Kven er vi som har betrakta lidinga på Gaza det siste halvanna året? Kva er forholdet mellom sanning, liding og tystnad?
Teksten kan du lese på originalspråket i sin heilskap ved å trykkje på artikkelen nedanfor.
I løpet av festivaldagane får publikum høyre tre av forfattarane framføre dei nyskrivne tekstane som foredrag. Kjøp billett for å høyre Johannes Anyuru lese sitt essay her.