Skip to the content
}

LitFestBergen i SCAN Magazine!

Publiseringsdato:

16.01.2025

LitFestBergen har blitt profilert i Scan Magazine!

Scan Magazine er eit inflight-magasin som formidlar inspirasjon og tips til feriedestinasjonar, naturopplevingar, kulturelle hendingar, mat og drikke med meir, for reisande i Skandinavia. I januarutgåven er to sider vigde til LitFestBergen! 

Her skriv Scan om korleis Bergen internasjonale litteraturfestival sidan oppstarten har blitt ein sjeldan arena der forfattarar, tenkjarar og lesarar møtest for å utforske historier som går på tvers av geografiske, språklege og kulturelle grenser.

I ein samtale med magasinet fortel festivalsjef Teresa Grøtan at jo fleire språk, land, kulturar og religionar som er representert på festivalen, desto betre. «Vi ønskjer at folk skal knyte band på tvers av grenser og finne felles grunn. Vi liker å utfordre grenser så mykje som mogleg, kanskje til og med fjerne dei heilt. Det er interessant å sjå korleis ulike fagfelt, språk, forfattarar og bakgrunnar kan kome saman og tilby eit nytt perspektiv», fortset Grøtan. 

 

(Skjermdump frå Scan Magazine nr. 174)

 

Heile saken kan du lese digitalt her

Del Innhald