Skip to the content
}

Cathrine Alice Liberg

Cathrine Alice Liberg (f. 1988, Noreg) er ein norsk-singaporsk kunstnar og grafikar som bur og arbeider i Oslo. Ho har ein MFA i medium- og materialbasert kunst frå Kunsthøgskolen i Oslo og er medlem av Norske Grafikere og NBK. I 2019 mottok ho KoMASK European Masters Printmaking Award i Antwerpen og Norske Grafikeres Fonds grafikkpris på Høstutstillingen. Liberg er særleg interessert i tapet av minne og kulturell forståing som oppstår mellom generasjonar som følgje av migrasjon, og korleis personlege familiehistorier kan representere fragment av større globale narrativ om handel, kolonialisme og diaspora. Hennar kunstnariske praksis er hovudsakleg grafikkbasert, og ho arbeider med teknikkar som litografi og fotogravyr.

Del Innhald