Dato: 08.02.2024
Tid: 18:45 - 19:30
Stad: Auditoriet
Pris: 190/80 (student)
Med gravferdsagenten på jobb
Alle skal vi døy, og kroppen vår skal gå i oppløysing. Kva skjer når vi døyr, sånn reint praktisk? Før du endar i grava, er det gravferdsbyrået og dei som arbeider der, som tar hand om deg. Eller tar hand om kroppen din, rettare sagt – sjela er kanskje ein annan stad?
Tor-Håkon Gabriel Håvardsen er ein ung gravferdsagent som har eigen TikTok-konto og eigen podkast, og som skriv både skjønnlitteratur og sakprosa om temaet han kan mest om: døden. Saman med lege og forfattar Trond-Viggo Torgersen går han gjennom kva som skjer når di tid er komen.