Skuleprogram LiFestBergen 2023

Eivind Senneset

LitFestBergen arrangerer eit eige festivalprogram for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med skuleprogrammet er å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom, gjennom å ta opp emne som engasjerer dei og som betyr noko i kvardagen deira.

Vi har med oss dei tverrfaglege temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling) når vi formar programmet. Elevane vil få høve til å intervjue forfattarane på scena på Litteraturhuset. Dersom de har behov for leseeksemplar kan de kontakte ingrid@litfestbergen.no

Skuleprogrammet går over tre dagar, frå 8. til 10. februar på Litteraturhuset i Bergen.

Vi har delt programmet inn i tre tema:

  • Rasisme og identitet
  • Ytringsfridom og polarisering
  • Natur og klima

Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Arrangementa skjer parallelt to og to, med to samanhengande seansar over to timar. Ein må derfor melde seg på minst to programpostar om gongen. Dei tre tema har ikkje sin eigen dag, men er heller blanda og kategorisert i timeplanen under ved hjelp av ulike fargar. 
 

Har du spørsmål om skuleprogrammet? Skriv til ingrid@litfestbergen.no.
 
 

Rasisme og identitet

I sin debutbok, Han, Solo, fortel Robin Van de Walle om ein plutseleg kjærleikssorg som førar til ein ny refleksjon kring eiga liv, identitet og tilhøyrsel.

Martin Eia-Revheim har skrive ein opprørande historie om omssorgssvikt og vold i hjemmet. I boka Å sette sammen bitene skildrar Revheim eit kompliserte og vanskelege kjensler mellom ein son og hans far.

I Ordbok for overlevelse deler 
Ingeborg Senneset eigne erfaringar om den vanskelege vegen frå ungdom til vaksen gjennom tema knytt til både angst, skam og spiseforstyrringar.

Ytringsfridom og polarisering

Forfattar Anne Bitsch har dykka ned i rettsaka mot Philip Manshaus frå Bærum. Gjennom eit innblikk i gjerningsmannen og omgivnadene rundt, prøver Bitsch i boka, Den norske skyld. En beretning fra rettssaken mot Philip Manshaus, å finne ut kvifor rasistiske ideologier og høyreekstremisme appellerer til menn som ham. 

Ingen mann er en øy tar føre seg gjenreisinga av Utøya etter 22. juli. Jørgen Watne Frydnes er i dag dagleg leiar av øya, og i boka skildrar han korleis det er å prøve å skape noko meiningsfylt ut av det meiningslause.

Med sitt eige heimland Sør-Afrika som bakteppe, har forfattar Richard Conyngham, saman med seks forskjellige illustratørar, skrive den grafiske romanen All Rise: Resistance and Rebellion in South Africa. Boka gjenopplivar seks ukjente historiar om motstand mot landets kolonistyre i åra før apartheid. 

Med tydelege parallellar til dagens krigsbilete, har historikar, redaktør og forleggjar Iain MacGregor skrive boka The Lighthouse at Stalingrad: The Hidden Truth at the Centre of WWII´s Greatest Battle. Ved hjelp av både tyske og russiske arkiv, gir MacGregor eit bilete av hendinga gjennom memoarar og vitnesbyrd frå både veteranar og sivile. 

Natur og klima

I si bok Rosarium skriver danske Charlotte Weitze om samanhengen mellom menneske, planter og det biologiske. Inspirert av det eventyrlege og fantasifulle fortel boka historia om korleis naturen kanskje overlever menneska.

Kvenske M. Seppola Simonsen har skrive diktsamlinga Hjerteskog // Syđänmettä. Samlinga foreinar identitet og språk, menneske og natur gjennom ei blanding av norske og kvenske ord. 

Timeplan