
Lene Sørøy Neverdal
Dato: 09.02.2023
Tid: 18:00 - 18:30
Stad: Alver
Pris: 100/75 (student)
Rasande føredrag: Språk
Er skeivt språk frigjering eller ein torn i auget? I dette føredraget vil språkvitar Kristin Fridtun snakke om språket til skeive, skeivt språk, bokstavforvirring og (påstått) rasande aktivistar og motaktivistar. Finst det eit eige språk blant skeive som ikkje-skeive ikkje kan? Kvifor blir somme så provoserte av pronomenet hen? Fridtun meiner at det skeive språket finst og har mykje føre seg, og her vil ho forklare kvifor.