Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 14.30 - 15.30

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Nye norske stemmer

Sjølv om dei tre forfattarane Sandra Lillebø, Monica Isakstuen og Eivind Riise Hauge ikkje er ukjende for eit norsk publikum, er enno ikkje bøkene deira omsette til engelsk. Monica Isakstuen har gitt ut ei rekke kritikarroste romanar der raseriet er sterkt til stades. Sandra Lillebø har gitt ut to diktsamlingar og ein roman. I den siste boka si tar ho føre seg det umoglege forholdet til mora, som opplagt er psykisk sjuk, men som ikkje har nokon diagnose. Eivind Riise Hauge har gitt ut både sakprosa og skjønnlitteratur og jobbar også som bibliotekar i Bergen fengsel. I den siste romanen sin lar han ein innsett sjølv fortelje si historie. 

Dei tre forfattarane blir intervjua av Daniel Medin, og på slutten blir det tid til spørsmål frå salen.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald