Dato:
09.02.2023
Tid:
20:00 - 20:45
Stad:
Auditoriet
Pris:
190/80 (student)

Musikk og aggresjon

Kva rolle har sinne og aggresjon i musikk, og korleis speler det seg ut på scene og i sal, særleg i svartmetall og ulike hardcoresjangrar? Gir det utløp for kjensler som har blitt tatt frå oss i det tamde og disiplinerte moderne livet vårt, eller er det berre teater og skodespel?

Den britiske forfattaren og fotografen Dayal Patterson har skrive fleire bøker om black metal-historia, og Thomas Seltzer har gjennom ei lang musikarkarriere truleg sett og kjent på det meste. Dei to møtest til samtale med Tor-Otto Mjelde, kjend frå radioprogram som «Pyro» og «Stjernepose».

Samtalen vil vere på engelsk.

Deltakarar