Dato:
08.02.2023
Tid:
20:45 - 21:30
Stad:
Alver
Pris:
190/80 (student)

Korleis omsette raseriet

Crónicas er ein latinamerikansk litterær sjanger som no for første gong blir omsett til norsk. Kva slags sjanger er dette? Og korleis påverkar kulturen og litteraturen i eit land korleis kjensla av raseri blir omsett? Blir ein like rasande i Noreg som i Argentina, til dømes? Ein av tekstane i antologien Cronica: Sanne forteljingar frå Latin-Amerika handlar om korleis den peruvianske journalisten Gabriela Wiener enda med å bli donor og selje sine eigne egg til skandinaviske par. 

Wiener og omsettar og redaktør av antologien, Bente Teigen Gundersen diskuterer språk, sjanger og raseri i Latin-Amerika med journalist og spanskomsettar Helene Hovden Hareide.

I samarbeid med Norsk Omsetjarforeining.

Samtalen vil vere på norsk.

Deltakarar