Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 14.15 - 15.00

Stad: Auditoriet

Iran sett frå Noreg: Om å vere eksilforfattar og aktivist

Då poeten og kvinneaktivisten Asieh Amini måtte flykte frå Iran i 2009, blei ho invitert til Trondheim som fribyforfattar. Ho har etablert seg som skribent i Noreg, men følger utviklinga i heimlandet tett. I september i fjor braut det ut store demonstrasjonar i Iran. Amini har gjort det ho kan, for å støtte opprøret på avstand, i håp om at regimet endeleg skal falle.

Korleis er situasjonen i Iran no, og korleis er det å drive med aktivisme frå eksil? Kva hende den gongen Amini sjølv måtte flykte, og korleis har det vore å byrje eit nytt liv i Noreg?

Fribykoordinator Ingeborg Kværne i Norsk PEN fortel om korleis organisasjonen arbeider for å hjelpe fribyforfattarane med å bli formidla og høyrde så dei kan fortsette arbeidet sitt frå Noreg. Dei to møter redaktør av tidsskriftet Prosa Merete Røsvik til samtale.

Del Innhald