
- Dato:
- 08.02.2023
- Tid:
- 19:30 - 20:30
- Stad:
- Auditoriet
- Pris:
- 190/80 (student)
Frå identitet til raseri – LitFestBergen fem år
LitFestBergen tar kvart år utgangspunkt i eit tema i festivalprogrammet. Det første festivalåret, 2019, var debatten om kva rolle identitet skal spele i litteratur og i politikk, aktuell i Noreg. I februar 2023 ser vi mellom anna på korleis desse identitetskampane fører til raseri, som er årets tema. Kva har endra seg i det offentlege ordskiftet, og korleis har aukande polarisering komme til uttrykk i norsk og internasjonal litteratur og kultur?
Teresa Grøtan har vore festivalsjef sidan starten. Ho møter leiar av Ytringsfridomskommisjonen og Norsk PEN Kjersti Løken Stavrum og kulturredaktør i Bergens Tidende Jens Kihl til debatt om kva som har skjedd i litteraturen og verda dei siste fem åra. Samtalen blir leia av forfattar Sandra Lillebø, som sit i det kunstnariske rådet for festivalen.





