Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 13.00 - 13.45

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Dei adopterte

Dei siste åra har det komme fleire bøker av og om folk som er adopterte i dei skandinaviske landa. Mens somme av dei ikkje tenker på det biologiske opphavet sitt, har andre adopterte følt at dei ikkje heilt høyrer heime i landet dei vaks opp i, og heller ikkje i landet der dei vart fødde – ein snakkar om eit «tilhøyrslevakuum». Dei fortel om rasismen dei har opplevd heile livet, også i nær familie.

Hun er vred: Et vidnesbyrd om transnasjonal adoption frå 2014 av danske Maja Lee Langvad var ei av dei første bøkene om temaet, og boka er også omsett til koreansk. Tittelen på diktsamlinga til Brynjulf Jung Tjønn, Kvit norsk mann, er eit svar på spørsmålet vaksne stiller til barn: «Kva vil du bli når du blir stor?» I samtale med forfattar Anne Bitsch går dei nærare inn på dei ulike sidene ved utanlandsadopsjon.

Del Innhald