Skip to the content
Carlton Classe

Dato: 11.02.2023

Tid: 13.00 - 13.40

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Pris: Påmelding

Kjøp Billettar

«Alle kongers tromme» med Raymond og Beathe

Ei skjelpadde, ein konge, ein trommis og ein forteljar; blir du med?

Språk blir til rytme, rytme til musikk, og musikk til forteljing når Raymond Sereba og Beathe Frostad fortel det vestafrikanske eventyret om den grådige skjelpadda og den gode kongen. Her får alle verdas problem ei klok løysing!

«Alle kongers tromme» er ei tospråkleg musikkforteljing på norsk og gagou, eit av språka som blir snakka i Elfenbenskysten. Alt blir ikkje fortalt på begge språk, men du vil forstå likevel, og kan være med å leike med ord og rytmar og musikk.

Framsyninga høver for born frå tre år.

Del Innhald