
Dato: 12.02.2023
Tid: 13.00 - 14.30
Stad: Alver
All verdas eventyr: Tyskland
Eventyr finst over heile verda. Dei tilhøyrer alle, og ulike land har ulike variantar av dei same forteljingane. All verdas eventyr er ein programserie på Litteraturhuset i Bergen der ein reiser verda rundt gjennom eventyr og forteljingar frå andre land. Rumpelstilzschen er tittelen på eit tysk eventyr. Her møter vi gnomen Rumpelstilzschen som blir så sint at han eksploderer av raseri. Samtidsmusikar Eva Pfitzenmeier fortel eventyret, og ho har også laga musikken.