
Dato: 11.02.2023
Tid: 20:00 - 20:45
Stad: Alver
Pris: 190/80 (student)
Å undervise Nietzsche i Kuwait
I romanen An Unlasting Home blir ein filosofiprofessor skulda for blasfemi etter å ha førelese om Nietzsche for nye studentar. Mens professoren ventar på ein mogleg dødsdom, reflekterer ho over fortida og kvinnene som har forma ho.
Den kuwaitiske forfattaren Mai Al-Nakib legg vekt på kjensler av undertrykt raseri over den mangelen på sjølvstende som kvinner i det patriarkalske Kuwait må leve med. Mai Al-Nakib møter professor i historie Anne Katrine Bang til ein samtale om bestemødrene som inspirerte Al-Nakib, kva som skjer når religionen står over lova, og korleis eit Kuwait i endring påverkar kvinnene som lever der.
Samtalen vil vere på engelsk.
Etter samtalen blir det tid til spørsmål frå salen.