Dato: 10.02.2022
Tid: 20.00 - 20.45
Stad: Auditoriet
Pris: 160/80 (student)
Filosofisk støvtørk: Søren Kierkegaard
Forfattaren Vigdis Hjorth og filosofen Einar Duenger Bøhn har lese Søren Kierkegaards Frykt og beven og diskuterer samspelet mellom litteratur og filosofi. Dei stiller også blant anna spørsmålet: Kva betyr det å ta Frykt og beven alvorleg i eins eige liv?
Vigdis Hjorth har sidan debuten i 1983 gitt ut over tretti bøker og er ein av Noregs mest markante forfattarar. Einar Duenger Bøhn har i podkasten «Kristopher og Einar leser Nietzsche» saman med Kristopher Schau børsta støv av Nietzsche, og snart er det Kierkegaard sin tur.