Skip to the content

Dato: 10.02.2022

Tid: 14.00 - 14.30

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Danseframsyning: Støv II

Sjølv det minste støvkorn kan romme ei historie. I framsyninga Støv møtest dans og dikt rundt langbordet. Nokre gonger børstar vi støvet vekk – andre gonger held vi fast ved det som kjære minne. Støv er ei tverrestetisk framsyning som krinsar rundt livet, døden og alt det forunderlege midt imellom.

Forfattar Eivind Riise Hauge har skrive teksten, Borghild Rudjord Unneland er scenograf, medan Marit Loe Bjørnstad er dansar og har koreografert framsyninga.

Verket er bestilt av Bergen internasjonale litteraturfestival til urframføring i februar 2022. Carte Blanche, Noregs nasjonale kompani for samtidsdans, er medprodusent. Verket blir støtta av Bergen Dansesenter, regionalt kompetansesenter for dans i Vestland fylke.

Initiativtakar og kreativ produsent er Tora de Zwart Rørholt.

 

Del Innhald