Dato: 10.02.2022
Tid: 20.15 - 21.00
Stad: Alver
Pris: 160/80 (student)
Å vake over historia
At dei afrikanske slavane gjorde opprør, både på slaveskipa og seinare i Amerika, er velkjent. At det i stor grad var kvinner som organiserte slaveopprøra i USA, har vore utelatt frå historia og gløymt.
Den amerikanske juristen og historikaren Rebecca Hall, sjølv barnebarn av slavar, har børsta støv av ein forsømd del av historia. Ho er feminist og aktivist, og i boka Wake: The Hidden History of Women-Led Slave Revolts har ho mellom anna undersøkt gamle rettsdokument og loggbøker frå slaveskip. Ho har også fått undersøkt beinrestar på kyrkjegardar, og overalt finn ho spor etter dei mange kvinnene som organiserte opprøra. Journalist Joshua Hammer leiar samtalen som vil vere på engelsk.
Rebecca Hall deltar både på ungdomsprogrammet og på det ordinære programmet.