Skip to the content
}

– Å boikotte alle kunstnarar vil øydelegge for bygginga av eit nytt Russland

Greg Bal

– Vi er no del av ein kultur som er dynka i blod, seier Alisa Ganieva, russisk forfattar og medlem av LitFestBergens kunstnariske råd.

Alisa Ganieva var I 2019 på LitFestBergens program, og har sidan då vore med i festivalens internasjonale, kunstnariske råd. Ho er ein uttalt kritikar av Putin og har no forlate Russland, etter at trussel om å arrestasjon blei akutt. Ho har snakka med festivalsjef Teresa Grøtan om boikott av russiske kunstnarar.

– Trass i vår aktive og langvarige motstand mot regimet er vi del av ein kultur som no er dynka i blod, og for mange av oss verkar det umogleg å finne ord som kan brukast til våre ukrainske venner, anna enn “vi er veldig leie oss”, seier Ganieva frå Estlands hovudstad Tallin, der ho har søkt tilflukt.

Ganieva drog frå Moskva 6. mars og håpar no på at mannen kan kome etter. Han vart nyleg arrestert for å ha protestert mot krigen. Ho er heilt sikker på at ein boikott av alle russiske kunstnarar vil vere øydeleggande for gjenoppbygginga av eit nytt Russland etter Putins fall.

– Det er avgjerande å forstå at ein må skilje mellom ulike kategoriar av russiske kunstnarar i samsvar med kor desse kunstnarane står når det gjeld det som skjer i Ukraina. Eg vil i det minste peike på desse fire kategoriane:

Den første gruppa kunstnarar

– Den første gruppa er dei kunstnarane som har vore del av Russlands krympande sivilsamfunn, og som på interne og eksterne politiske arenaer har ført ein ukueleg kamp mot landets mørke handlingar. Dei protesterte mot annekteringa av Krim, mot politisk motiverte fengslingar, mot russisk aggresjon mot krimtatatar, ingusjetarar, ukrainarar og andre sterkt undertrykte etniske minoritetar som er fengsla og internerte i Russland. 

– Eg snakka med mange av mine kjende som er i denne kategorien kunstnarar, og mange av dei seier dei frivillig ville ha avlyst eigne arrangement for å gi plass til sine ukrainske kollegaer. No er vi alle trekt ned i skam og skuld, og eg er sikker på at kvar og ein av oss ville ha avstått frå å opptre eller promotere vårt kunstnariske arbeid, i det minste for ei tid. Du kan lett skilje denne gruppa av kunstnarar frå andre fordi dei har kritisert regime lenge før den fullskala krigen mot Ukraina var sett i gang.

– Eg er sikker på at det fortsatt er veldig, veldig viktig å involvere desse kunstnarane i panel- og rundebordsdiskusjonar, og publikasjonar kringom i verda – og ikkje stenge dei ute, særleg dei som er igjen i Russland og risikerer fridomen sin.

– Russlands isolasjon kjem til å vekse, ikkje berre utanfrå, men innanfrå. Politisk undertrykking eskalerer allereie, og verda bør ikkje la desse kunstnarane i fare bli ståande åleine. Vi må oppretthalde kommunikasjonen i alle tilfelle!

Den andre gruppa kunstnarar

– Den andre gruppa av kunstnarar er sjokkerte og fordømmer også krigen. Dei har aldri uttrykt eit ord om situasjonen før 24. februar fordi dei ikkje var komfortable med politikk og var for travle med kunsten sin. I eit demokratisk samfunn er det ikkje feil å ikkje interessere seg for politikk, men i eit diktatur må du interessere deg, elles vil politikken før eller seinare interessere seg for deg. Og det er det som skjer i Russland akkurat no, der denne gruppa av kunstnarar vaknar, endrar haldning til kunstnariske strategiar, angrar på at dei har gøymt seg for det som omgir dei, og kjenner eit smell av brennande skuld for at dei har vore tyste.

Den tredje gruppa kunstnarar

– Nokon kunstnarar har posta abstrakte ting mot krigen og for fred, men dei nemner ikkje namn, dei anerkjenner ikkje at Putin og heile KGB-baserte regjeringssystemet over lang tid har ført land ut i dagens ulykke. Dessutan hadde mange av dei fordelar frå Putin-regimet og fekk prisar styresmaktene og blei offisielt løfta fram av folk høgt opp i det russiske statsapparatet. No seier dei at dei er imot krigen slik at dei kan sikre fordelar og kontraktar frå utlandet, men samstundes nektar dei å føle noko som helst skam eller skuld, og dei er redde for å vise illojalitet mot regimet og dermed miste laurbæra dei kviler på i Russland.

Den fjerde gruppa kunstnarar

– Og så har du den fjerde gruppa, det er den som gjer meg så nedtrykt. Dette er kunstnarar som akkurat no rettferdiggjer Putins udådar og klandrar verda for russofobi. Dei vrir på sanninga; dei gjentar den russiske propagandaen og dei skamlause løgnene om at Putin berre førebygger NATOs nært føreståande angrep. Nokre av dei gir ope uttrykk for desse fryktelege tankane, andre støttar sjelevenner med likes og kommentarar på sosiale media. Desse kunstnarane har tatt vondskapens side, trass i deira kunstnariske talent. Og denne kategorien av kunstnarar bør definitivt svartelistast utanfor den russiske staten dei kjenner seg så knytte til.

– Min konklusjon er at ein total boikott av heile den russiske kulturen ser ut som eit katastrofalt og dessutan urett trekk. Men russiske kunstnarar av i dag må utsetjast for gransking. Og dei av oss som for lengst har forstått kven Putin er, er klare til å betale prisen.

 

Les meir om Alisa Ganieva

Alisa Ganieva og russisk historieforståelse

I eit demokratisk samfunn er det ikkje feil å ikkje interessere seg for politikk, men i eit diktatur må du interessere deg, elles vil politikken før eller seinare interessere seg for deg.

Del Innhald