Skip to the content
}

Mah-Rukh Ali blir nytt styremedlem i LitFestBergen

Dan P. Neegaard

Bergen internasjonale litteraturfestival utvidar styret, og er svært glade for at Mah-Rukh Ali har takka ja til å bli med.

Mah-Rukh Ali er forfattar og har lang erfaring som journalist og nyhetsanker blant anna frå TV2 og NRK. Ho har skrive bøker om Midtausten og vore spaltist i DN gjennom mange år. Ho er ein ettertrakta føredragshaldar i utanriks- og sikkerheitsspørsmål.

– LitFestBergen har i løpet av kort tid bygd seg opp til å bli ein fantastisk arena for norske og internasjonale stemmer, seier Ali. – Eg gler meg stort over å gå inn i styret, og få vere med på det vidare arbeidet med å løfte fram ein viktig møteplass som utvidar ytringsrommet. Vi treng impulsar, idear og refleksjonar som denne festivalen gir.

Del Innhald