Skip to the content
}

Ilja Pfeijffer og Claire-Louise Bennett kjem til festivalen

I tida fram mot programslipp 12. januar ønsker vi å avsløre namna på nokre av dei som kjem til festivalen 9.-13. februar 2022. Denne veka har vi gleda av å presentere to svært fascinerande forfattarar: Ilja Pfeijffer og Claire-Louise Bennett.

Ilja Leonard Pfeijffer (f. 1968, Nederland) er ein forfattar, poet og klassisk filolog busett i Genova. Han blir sett på som ein av dei mest spennande forfattarane i heimlandet, og har gitt ut over førti verk med skjønnlitteratur, poesi, skodespel, essay og omsettingar. Det store internasjonale gjennombrotet kjem med årets Grand Hotel Europa som kjem ut på norsk i februar 2022, akkurat i tide. Romanen har allereie tatt kritikarane med storm og blir omtala som ein grandios, rik og fryktlaus Europa-roman av dei sjeldne. 

Claire-Louise Bennett er ein engelsk forfattar busett i Galway, Irland, der ho òg har studert og jobba med teater. Novellene hennar har mellom anna blitt publisert i The Irish Times og The Moth, og i 2013 fekk ho White Review Short Story Prize. Sidan debuten har ho fengsla lesarar og kritikarar utan at ein alltid klarar å setje fingeren på kva det er ho gjer. Hennar fyrste roman Dam blei kortlista for Dylan Thomas Prize i 2016. No er ho aktuell med boka Kasse 19 som kom på norsk i 2021 på Pelikanen forlag. Bennett er eigenarta og overraskande i både språk og narrativ, og ho skriv ein prosa full av fantasi, livserfaring og skarp realisme.

Vi gler oss stort.

Del Innhald