
Dato: 11.02.2021
Tid: 18:00 - 19:00
Stad: Auditoriet
Kva er ein roman? (utsett til hausten)
Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen er vi nødt til å avlyse dette arrangementet. Vi vil prøve å arrangere ein eller fleire minifestivalar til hausten. Då vil denne programposten blir sett opp igjen.
Kva betyr «sanning» i ein roman?
Heilt sidan Karl Ove Knausgårds Min kamp-bøker kom ut, har debatten rasa om kva ein roman eigentleg er, og om det finst grenser for kva ein kan skrive om andre i romanform. Kor står den norske romansjangeren samanlikna med t.d. den britisk-amerikanske memoar-tradisjonen eller den franske autofiksjon-sjangaren? Og har eigentleg synet på romanen i Noreg endra seg, eller er det samme debatten, berre med nye forfattarar?
LitFestBergen inviterer til debatt med forfattar Sandra Lillebø, som i haust ga ut den mykje debatterte, men òg kritikarroste romanen Tingenes tilstand, kritikar i Aftenposten Ingunn Økland og professor i nordisk litteratur, Eirik Vassenden. Samtalen blir leia av forfattar Tore Renberg.