
Dato: 10.02.2021
Tid: 12:15 - 13:00
Stad: Auditoriet
Det vanskelegaste namnet i bygda
Som barn visste ikkje journalist Yohan Shanmugaratnam at ein bibliotekar i bygda han voks opp i, øvde seg på stave etternamnet hans for at han ikkje skulle kjenne seg annleis. Seinare fekk han likevel merke rasismen som mange i Noreg hevdar ikkje eksisterer. I boka Vi puster fortsatt fortel han om å vekse opp med norsk snø, kor redd han var etter 22. juli og kva Black Lives Matter betyr for han. Foredrag.
Aktuell bok: Vi puster fortsatt (Manifest, 2020)
Lukka arrangement for skular (blir òg strøymt)