Skip to the content
}

Heidi Marie Vestrheim

Jan Khür

Heidi Marie Vestrheim (f. 1977, Noreg) er vokalist, låtskrivar, musikar og programleiar, busett i Oslo. 

Ho driv sitt eige plateselskap BlueBox records, der ho har gitt ut fire soloalbum. Ho har også vore synleg i teaterscenen i Bergen og har sidan 2008 jobba som programleiar i NRK både på TV og i radio.

«Knølkvalen Kai», historia hennar frå Godnattboka har blitt ei populær barneforestilling. Ho har gitt ut to quizbøker, bidratt i boka Barfot, og medverka i boka Gay Kids – Kule barn som også finnes.

Vestrheim spelar også i bandet hei kalas og studerer for tida ved Norsk barnebokinstitutt.

Del Innhald