Stad:

PÅMELDING TIL LITTERATURFESTIVAL!

På LitFestBergen møter publikum forfattarar frå verda og frå Noreg, med bøker som går rett inn i dei store, viktige spørsmåla som angår oss alle. Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald. LitFestBergen blir arrangert for tredje gong 10.–14. februar 2021 på Litteraturhuset i Bergen, og vi inviterer ungdomsskular og vidaregåande skular til å bli med! 

Litteratur for ungdom

Vi tilbyr 28 programposter med norske og internasjonale forfattarar frå onsdag 10. til fredag 12. februar 2021. Sjå under for timeplan og skjema for påmelding. Dette er litteratur som passar fleire fag på skulen.

Vi håper at festivalen kan bidra til å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom. Vi har ein tematisk inngang til litteraturen, og tar opp emne som engasjerer dei unge, som betyr noko i deira kvardag. Forfattarmøter der dei unge sjølv står for intervjuet på Litteraturhuset, har vist seg å vere ein god måte å engasjere ikkje bare ungdommane på scenen, men også heile klasser, som er med på å utforme spørsmåla og forberede møtet.

Tema på LitFest UNG

Vi har hatt med oss dei tverrfaglige temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og bærekraftig utvikling) når vi har utarbeidd skuleprogrammet. Samtidig har vi satt vår eigen vri på det, der litteraturen er utgangspunktet for programpostane, og der vi ønsker å legge like stor vekt på skjønnlitteratur som på sakprosa.

Vi har delt skuleprogrammet inn i tre bolkar, éin kvar dag:

  • rasisme og identitet (onsdag 10. februar)
  • natur og klima (torsdag 11. februar)
  • ytringsfridom og polarisering (fredag 12. februar)
Praktisk gjennomføring

Litteraturhuset i Bergen har fleire rom som kan nyttast, med ulike inngangar på gateplan, og dermed kan fleire kohortar vere til stades samtidig på huset utan å komme i kontakt med kvarandre.

På kvart tidspunkt går to programpostar parallelt, og etter tre kvarter, bytar forfattarane rom, mens elevane blir sittande. Slik blir det lettare å halde avstand.

Klassen meldar seg på to eller fire programpostar. Ein kan melde seg på fleire dagar, men vi vi vil prioritere å nå så mange skular som mogleg.

Dersom du har spørsmål, kontakt Hjørdis Losnedahl hjordis@litfestbergen.no, tlf. 922 30 992

 

PÅMELDINGSFRIST FREDAG 15. JANUAR 2021.
 

Program, onsdag 10.02: Identitet og rasisme

Black Lives Matter har prega debatten om rasisme og identitet det siste året. Kva er situasjonen for unge, svarte menneske i USA, og korleis artar rasisme seg i Noreg? Ein vil òg diskutere kva det vil seie å skilje seg ut, for korleis ein ser ut, for noko ein har gjort, eller for kor foreldra kjem frå. Og kva betyr det eigentleg å ha ein identitet?

Forfatterportrett: Pernille Marie Walvik

Lukka gardiner, opne liv

Maria Navarro Skaranger fekk stor merksemd med debutboka si Alle utlendinger har lukka gardiner i 2015. I ein særeigen, munnleg språkdrakt møter vi tenåringen Mariana som veks opp i eit multikulturelt miljø aust i Oslo der det ikkje er mange «potetar». Mariana sjølv har chilensk opphav, mens fleire av venene er muslimar. Kven er utlendingane, kven er dei norske og kvifor sit bror hennar i fengsel? I 2020 blei boka filmatisert. Korleis var det å oppleve at romankarakterane blei til ekte personar, og kjende Skaranger igjen si eiga historie? 

Aktuell bok: Alle utlendinger har lukka gardiner  (Oktober, 2015). Festivalen vil hjelpe med å skaffe nokre eksemplar av boka for klassar som vil intervjue.

Onsdag 10. februar, kl. 09:00 & 10:00

Open for elev-intervju:
Første time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 10. klasse ved Rothaugen skule.
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 9. klasse ved Ortun skule.

Eit fengsla liv

Kva gjer det med eit menneske å bli sperra inne i eit lite rom bak tjukke murar? Kva skjer når fridomen blir tatt frå oss? Forfattar Eivind Riise Hauge har dei siste åra jobba som spesialbibliotekar og litteraturformidlar i Bergen fengsel. Han har skrive romanen Korrektur av et sorgens kapittel. Boka handlar om mannen Rorgen og det flammande forsvaret hans for dei som tenker annleis og er utstøytte, for retten til å velje å gå rett fram der vegen svingar.

Aktuell bok: Korrektur av et sorgens kapittel (Vigmostad & Bjørke, 2021). Festivalen vil hjelpe med å skaffe nokre eksemplar av boka for klassar som vil intervjue.

Onsdag 10. februar, kl. 09:00 & 10:00

Open for elev-intervju:
Første time: Ledig
Andre time: Ledig

 

Å miste seg sjølv

Samane er urfolket i Sápmi, som er eit område i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Likevel har dei blitt frårøva språk og kultur. Samiske barn blei tvinga til å gå på internatskule der dei lærte norsk, og der det var forbode å snakke samisk. I ungdomsromanen Lappjævel! skildrar Kathrine Nedrejord, sjølv samisk, korleis ein gut blir pressa inn den norske kulturen, og til slutt føler han seg heime verken i det samiske eller i det norske.  

Aktuell bok: Lappjævel! (Aschehoug, 2020). Festivalen vil hjelpe med å skaffe nokre eksemplar av boka for klassar som vil intervjue.

Onsdag 10. februar, kl. 11:15 & 12:15

Open for elev-intervju:
Første time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 9. klasse ved Ortun skule.
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 8. klasse ved Rothaugen skule.

Det vanskelegaste namnet i bygda

Som barn visste ikkje journalist Yohan Shanmugaratnam at ein bibliotekar i bygda han voks opp i, øvde seg på å stave etternamnet hans for at han ikkje skulle kjenne seg annleis. Seinare fekk han likevel merke rasismen som mange i Noreg hevdar ikkje eksisterer. I boka Vi puster fortsatt fortel han om å vekse opp med norsk snø, kor redd han var etter 22. juli og kva Black Lives Matter betyr for han.  

Aktuell bok: Vi puster fortsatt (Manifest, 2020). Festivalen vil hjelpe med å skaffe nokre eksemplar av boka for klassar som vil intervjue.

Onsdag 10. februar, kl. 11:15 & 12:15

 

 

 

James J. Reddington
Unge svarte liv betyr noko

Kor omfattande er rasisme i USA? Kva er årsakene? Og kan Black Lives Matter-rørsla gjere tilhøva betre? Jason Reynolds skriv dikt og romanar, hovudsakeleg for barn og unge vaksne. Han skildrar unge afro-amerikanarar som blir utsette for politivald eller korleis det er å leve etter at ein bror er blitt skoten. På kva måte kjenner unge svarte amerikanarar seg igjen i desse historiene, og kvifor meiner Reynolds det er viktig at dei les bøker om desse temaa?

Arrangementet er på engelsk.

Aktuelle bøker: Stamped: Racism, Antiracism, and You (2020) og Long Way Down (2020)

Onsdag 10.februar, kl. 13:30 & 14:30

Første time: Forfattaren blir intervjua av elevar i klasse 8A ved Rothaugen skule
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i klasse 8B ved Rothaugen skule

 

I am Dog

I am Dog er ei framsyning i tekst, bildar, lys og lyd skapt av Alwynne Pritchard i samarbeid med Domizia Tosatto. I am Dog er ei historie fortald gjennom samspelet mellom ei jente som heiter Willa og vennen hennar Dog. Willa og Dog lever i ei isolert verd. Dei to er leikne og vittige, nokre gonger heltemodige og ofte vondskapsfulle. Historia om Willa og Dog kan tolkast som ein indre monolog – to ulike sider av éin og same person – eller rett og slett som narrestrekane til to unge individ som saman utforskar verda og livet. 

Arrangementet er på engelsk.

Påmeldte klassar får manus tilsendt slik at dei kan førebu seg. 

Onsdag 10.februar, kl. 13:30 & 14:30
Framsyning

 

Program, torsdag 11.02: Natur og klima

2020 var det varmaste året nokon gong sidan ein starta med temperaturmålingar for 100 år sidan. Korleis tar vi innover oss dei klimaendringane vi står overfor, og korleis kjem det uttrykk i litteraturen? Har dei unge sin relasjon til naturen noko å seie for korleis dei vil ta vare på den? Og – kva skal vi gjere?

Ein vegvisar i klimaopprøret

Gaute Eiterjord er tidlegare leiar av Natur og Ungdom og kjemper for klimaet. Han har skrive boka Klimaopprøret, med den talande undertittelen Kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettroll som øydelegg framtida di. Gaute Eiterjord fortel om kva som står på spel og korleis ein sjølv kan engasjere seg. 

Aktuell bok: Klimaopprøret (Aschehoug, 2020)

LitFestBergen har nokre eksemplar av boka tilgjengeleg for klassar som vil intervjue.

Torsdag 11. februar, kl. 09:00 & 10:00

Open for elev-intervju:
Første time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 8. klasse ved Olsvik skule.
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 1. klasse ved Bergen Katedralskole

 

Ei dagbok frå naturen

I Diary of a Young Naturalist fortel seksten år gamle Dara McAnulty om livet sitt, om å vere autist og relasjonen sin til naturen. McAnulty har engasjert seg i miljøkampen, mellom anna med bloggen sin som har svært mange følgjarar, og er blitt samanlikna med Greta Thunberg. Kva skal vi sjå etter i naturen? Korleis skal vi ta vare på den? Og kva er viktig i kampen mot forureining og klimaendringar?

Aktuell bok: Diary of a Young Naturalist (Milkweed editions, 2020). Festivalen vil hjelpe med å skaffe nokre eksemplar av boka for klassar som vil intervjue.

Arrangementet er på engelsk.

Torsdag 11. februar, kl. 09:00 & 10:00

Open for elev-intervju:
Første time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 8. klasse ved Rothaugen skule.
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 8. klasse ved Olsvik skule.

Portrett: Tor G. Stenersen
Korleis vil det gå med verda?

Kva ansvar har vi, unge og gamle, for det som skjer med klimaet på kloden? Finst det håp? Ja, meiner forskar og forfattar Dag O. Hessen. I boka Verden på vippepunktet skriv han at nok er nok: No må alle som forskar på natur og klima snakke, skrive og rope ut om det dei veit. Tida for å vere feig og unnvikande er forbi.  

Aktuell bok: Verden på vippepunktet (Res Publica, 2020). LitFestBergen har nokre eksemplar av boka tilgjengeleg for klassar som vil intervjue.

Torsdag 11. februar, kl. 12:00 & 13:00

Open for elev-intervju:
Første time:Forfattaren blir intervjua av elevar i 10. klasse ved Rothaugen skule.  
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 1. klasse ved Nordahl Grieg vidaregåande skule.

 

Forfattarportrett: Celina Øier
Vedunderlege verden

Viss vi veit meir om kor avhengige vi er av naturen og kor mykje den gir oss, vil vi då ta betre vare på den? Det er håpet til forskar og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson. I boka På naturens skuldre fortel ho den eine fantastiske historia etter den andre – mellom anna om dolkehaleblodet som reddar liv, øglespyttet som får oss til å produsere insulin og barlindtreet som får kreftceller til å stoppe å dele seg. 

Aktuell bok: På naturens skuldre (Kagge, 2020)

LitFestBergen har nokre eksemplar av boka tilgjengeleg for klassar som vil intervjue.

Torsdag 11. februar, kl. 12:00 & 13:00

Open for elev-intervju:
Første time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 1. klasse ved Nordahl Grieg vidaregåande skule.
Andre time: Ledig

Program fredag 12.02: Ytringsfridom og polarisering

Dagens unge er den første generasjonen som har vakse opp med internett og ein større tilgang til både informasjon og desinformasjon enn nokon gong. Er det lettare å bli dratt inn i ekstreme nettverk når mengda informasjon fløymer over og når det er uklart kven avsendaren er? Skal ytringsfridom gjelde for ekstreme ytringar? Kva kan vi lære av ekstreme haldningar og handlingar i fortida? Og, ikkje minst: Kva hindrar ytringsfridomen til unge menneske i dag?  

Unge ytringar

Ungdommens ytringsfrihetråd undersøker kva som hindrar unge menneske å ytre seg i Noreg i dag, og korleis fleire kan engasjere seg i det offentlege ordskiftet. Medlemmar frå rådet, og leiar Nancy Herz, mellom anna kjend for boka Skamløs, kjem til Bergen for å få innspel frå ungdom her. Korleis blir ytringar farga av sosiale medium? Kven blant dei unge seier minst? Og korleis kan skulen bidra til å utvide ytringsrommet?

Fredag 12. februar, kl. 09:00 & 10:00
Innspelsmøte 

 

Foto: Hanne-Kjersti S. Iversen
Poeten som ikkje lar seg målbinde

I Iran er det vanleg å lese dikt, og det er vanleg å skrive dikt. Men i Iran kan du òg bli drepen for å offentleggjere dikta du skriv. Fatemeh Ekhtesari er iransk poet, kunstnar og jordmor frå Teheran. For mange unge i heimlandet er ho kjend frå sosiale medium, for å skrive om kvinners rettar – og for å ha kledd seg ut som ein gut for å gå på fotballkamp, noko berre menn har lov til. Etter å ha vore fengsla og torturert fleire gonger, blei ho igjen dømd, denne gongen til 11,5 år og 99 piskeslag. Då flykta ho, og har sidan 2017 budd på Lillehammer. I 2020 kom den første diktsamlinga hennar ut på norsk. Forfattaren blir intervjua av elevar.

Aktuell bok: Vi overlever ikke (Transfer 2020)
Festivalen vil hjelpe med å skaffe nokre eksemplar av boka for klassar som vil intervjue.

Arrangementet er på engelsk.

Fredag 12. februar, kl. 09:00 & 10:00

Open for elev-intervju:
Første time: Ledig
Andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i 1. klasse Bergen Katedralskole

Markus Spiske
Kva er ekstremisme?

Kva er eigentleg ekstremisme? Kvifor blir nokon ekstremist? Og er ein ekstremist det same som ein terrorist? Kva er det som gjer at nokre er villige til å ofre livet for det dei trur på? Kan det hende med alle? Kristian Bjørkelo har skrive boka Ekstremisme og vil gi ei innføring i omgrepet.

Aktuell bok: Ekstremisme (Humanist forlag, 2016)

Fredag 12. februar, kl. 11:15 & 12:15
Foredrag
OBS! Programmet er på Bergen Offentlige Bibliotek

 

Korleis bli eit vondt menneske

I romanen Leksikon om lys og mørke fortel Simon Stranger om den norske torturisten og angivaren Henry Rinnan som sende tusenvis i døden under den andre verdskrigen. Boka fortel òg historia om den jødiske familien som etter krigen flytta inn i huset der Rinnanbanden heldt til. Korleis kan ei forstå den vondskapen som Rinnan var skuld i? Og korleis kan eit samfunn lukke auga for det vonde?

Aktuell bok: Simon Stranger: Leksikon om lys og mørke

Fredag 12. februar, kl. 11:15 & 12:15

Første og andre time: Forfattaren blir intervjua av elevar i VG 3 ved Nordahl Grieg vidaregåande skule.

OBS! Programmet er på Bergen Offentlige Bibliotek