Skip to the content
Yamam Al Shaar

Dato: 07.02.2020

Tid: 16.00 - 17.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 150

Kjøp Billettar

Døden, kvar dag

Den syriske forfattaren Khaled Khalifa er ein av få som kan forlate Syria, men som ikkje vil det. Han blir rekna som ein av Syrias største nolevande forfattar, og er ein kronikør av den pågåande krigen. Hans nyaste roman, Døden er eit slit, handlar om ein grotesk og burlesk road-trip frå Damaskus til Anabiya med eit lik i bagasjen. 

Khaled Khalifa møter Syria-kjennar, journalist og forfattar Diana Darke til samtale om kva som skjer når døden blir daglegdags. 

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald