Skip to the content

Dato: 07.02.2020

Tid: 19.30 - 22.30

Stad: Olav H. Hauge

Delfinale i NM i poesislam

Slam ligg ein stad i krysninga mellom diktopplesning, rap og spoken word. Under denne delfinalen i NM i poesislam framfører deltakarane eigen tekst på norsk eller engelsk. Framføringa tel like mykje som tekstleg innhald. 

Konkurransen er open for alle, uansett alder eller erfaring. Kveldens programleiar Heidi Marie Vestrheim vel ut jurygrupper frå publikum i salen – og det er desse som til slutt bestemmer kven som kan smykke seg med tittelen vestlandsmeister i slam. Vinnaren reiser vidare til norgesmeisterskapet i Oslo hausten 2020.

Arrangementet vil vere på norsk og engelsk.

Meld deg på til info@litfestbergen.no

Gratis

Del Innhald