1994: Eit kjærleiksdikt
Eg vil ha nokon som vil sjå på meg
og elske meg
slik dei kvite ser på
og elskar
Mandela.
Nokon som vil halde fast i minnet om meg
Slik dei kvite held fast i arven etter Mandela.
Ein kjærast som vil bygge Robben Island bak huset
og få meg til å tru at eg har ein hage
og frisk luft, ein regnboge og fridom.
Ein sanningskommisjonskjærast
Du forstår ikkje kjærleik
før du er blitt elska som Mandela.
Du forstår ikkje svik
før du er blitt elska som Mandela.
Du forstår ikkje faenskap
før du er blitt elska som Mandela.
Du forstår ikkje skitsnakk
før du er blitt elska som Mandela.
Og dette er ein av dei mange restane frå slaveriet:
å vere elska som Mandela.
Koleka Putuma
(Omsett frå engelsk av Njord V. Svendsen)