Skip to the content

Dato: 15.02.2019

Tid: 15:30 - 16:45

Stad: Auditoriet

Pris: 130/90,- (stud.)

Kjøp Billettar

Kva er litterær kvalitet?

Det vekte oppsikt då det britiske forlaget Penguin sommaren 2018 annonserte at dei vil ta omsyn til både kjønn, etnisk opphav og klasse når dei leitar etter nye tilsette og forfattarar. Norske forlag er dominert av kvite middelklassemenneske med høgare utdanning. Er dette eit problem? Vil ei større vektlegging av mangfald sette kvalitetskriteria til side – eller kan dette tvert imot heve kvaliteten på det som blir gitt ut?

Kritikar Ane Farsethås, forfattar Jennifer Makumbi, forlagsredaktør Kari Marstein, tidlegare medlem i Man Booker International-juryen Daniel Medin og litteraturredaktør Peter Nielsen møtest til debatt. Debattleiar er professor Eirik Vassenden.

Samtalen vil vere på engelsk.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald