Dato:
15.02.2019
Tid:
18:15 - 19:15
Stad:
Auditoriet
Pris:
100/70,- (stud.)

Kva er eit menneske?

Vi formar teknologien, men teknologien formar også oss. Korleis heng den teknologiske utviklinga saman med vår sjølvforståing? Kan vi spegle oss i teknologien, eller vrir den biletet av oss til det ugjenkjennelege?

Forfattarane Jan Grue og Bjørn Vatne, som begge har utforska samanhengen mellom menneske og teknologi i bøkene sine, møtest til samtale. Samtaleleiar er litteraturredaktør i Information Peter Nielsen.

Samtalen vil vere på norsk/dansk. 

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Deltakarar