Dato: 17.02.2019
Tid: 15.00 - 15.30
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 70/50,- (stud.)
Kaffikopp og krusifiks
I fleire generasjoner har bedehuset vore ein av dei viktigaste stadene for våre norske bygdeidentitetar, ikkje minst på Vestlandet. Men i takt med urbanisering og sekularisering, står stadig fleire av dei tomme – og nokre av dei for fall.
Fotograf Erlend Berge har reist bedehuslandet rundt for å dokumentere utviklinga, og i dette foredraget viser han bilete og fortel om arbeidet sitt.
Foredraget vil vere på norsk.
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.