
Dato: 16.02.2019
Tid: 14:30 - 15:15
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 100/70 (stud.)
Å skrive livet (AVLYST)
Arrangementet er dessverre avlyst. Billettar kjøpt på nett vil bli refundert automatisk. Billettar kjøpt i Boksalongen vil bli refundert der.
Då Olaug Nilssen blei mor til eit barn med autisme, var det noko som forandra seg. Ikkje berre i livet hennar, men også i forfattarskapen. Spørsmål om språk, om kva som er litterær kvalitet, og ikkje minst kva slags litteratur som er naudsynt å skrive, fekk med eitt ein ny dimensjon.
I denne samtalen snakkar ho med Eivind Riise Hauge om korleis livsendrande erfaringar påverkar skrivearbeidet, forfattaridentiteten og synet på sitt eige og andre sitt forfattarskap.
Samtalen vil vere på norsk.
100/70,- (stud.)
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.