- Dato:
- 16.02.2019
- Tid:
- 12:00 - 13:00
- Stad:
- Olav H. Hauge
Lesing: Svar på brev frå Helga
Bergsveinn Birgisson, Ragnhild Gudbrandsen, Solrun Toft Iversen, Helge Jordal, Eivind Riise Hauge
Ragnhild Gudbrandsen (f. 1969, Noreg) er skodespelar og songar. Gudbrandsen er kjend for å vere ein svært allsidig skodespelar, og har gjort suksess i rollar som sprikar frå komedie til tragedie.
Ho har spela i fleire filmar, blant anna Varg Veum – Falne Engler (2008), S.O.S Svartkjær (2008), og i 2017 spela ho dommar i TV-serien Aber Bergen. Dei siste åra har Gudbrandsen vore aktuell i ei rekke framsyningar på DNS, mellom anna i Måken (2013) og i Lilli Valentin (2013), som ho også fekk Pernille-statuetten for.