
Dato: 07.02.2024
Tid: 19:15 - 20:00
Stad: Alver
Pris: 190/80 (student)
Å teikne ein krig
Rett etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, tok Nora Krug kontakt med ein russiskfødd ukrainsk journalist og ein russisk kunstnar. Basert på korrespondanse med desse to, veke for veke i over eit år, gav Krug hausten 2023 ut boka Diaries of War: Two Visual Accounts from Ukraine and Russia.
Boka prøver ikkje å formidle eitt russisk og eitt ukrainsk perspektiv, eller å sidestille opplevingane, men snarare å skildre dei personlege konsekvensane krigen har for dei to anonyme kjeldene.
I samtale med Karin Haugen fortel Nora Krug nærare om prosessen bak boka.
Samtalen vil vere på engelsk.