Skip to the content
}

Skuleprogram LiFestBergen 2024

Eivind Senneset

LitFestBergen arrangerer eit eige festivalprogram for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med skuleprogrammet er å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom, gjennom å ta opp emne som engasjerer dei og som betyr noko i kvardagen deira.

Vi har med oss dei tverrfaglege temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling) når vi formar programmet. Elevane vil få høve til å intervjue forfattarane på scena på Litteraturhuset. Vi anbefaler sterkt å gjere dette. Dersom de har behov for leseeksemplar kan de kontakte ingrid@litfestbergen.no

Skuleprogrammet 2024 går over tre dagar, frå 7. til 9. februar på Litteraturhuset i Bergen.

Programmet er delt inn i dei tre tverrfaglege temaa:

  • Folkehelse og livsmeistring
  • Demokrati og medborgarskap
  • Berekraftig utvikling

Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Arrangementa skjer parallelt to og to, med to samanhengande seansar over to timar. Ein må derfor melde seg på minst to programpostar om gongen. Dei tre tema har ikkje sin eigen dag, men er heller blanda og kategorisert i timeplanen under ved hjelp av ulike fargar. 

Vi har eit avgrensa tal plassar på kvar sesjon.

Har du spørsmål om skuleprogrammet? Skriv til ingrid@litfestbergen.no.


Rasisme og identitet

My name is Leon

I si bok My name is Leon skriv den engelske forfattaren Kit de Waal om å vakse opp i fosterheim på 80-talet. Boka følgjer Leon og hans bror i deira søken etter ein ny heim og ein evigvarande familie.

Post Mortem

I boka Post Mortem - med begravelsesagenten på åstedet avdekker gravferdsagent Tor-Håkon Gabriel Håvardsen dødens hemmelegheiter. Boka svarer på alt du nokosinne har lurt på om døden – frå mistenkelege dødsfall til rettsmedisinske prosessar.

Stargate

I si bok Stargate: en julefortelling skriv Ingvild Rishøi ei sår og tankevekkande historie om omsorgssvikt, fattigdom, håp og draumar. Ti år gamle Ronja bur på Tøyen med søstera Melissa og deira far. Han held som oftast til på puben Stargate. Når faren mister jobben sin som juletreseljar, må Ronja og Melissa ta over for å halde liv i håpet om ei fin juletid.

Ild, tenner, vann, tunge

Ild, tenner, vann, tunge er ein personleg refleksjon kring forfattar Nhu Dieps eiga oppvekst. Forfattaren skriv om si kompliserte familiehistorie, frå livet som flyktning til Noreg og den vanskelege oppveksten med vald og høge krav. Som vaksen kjenner N på en usikkerheit kring hennar eiga familie og deira forhold. Når ein krise rammar familien, må N bestemme kva for ein rolle dei til sjuande og sist skal spele i livet hennar.

Drømmenes sykkelregister

Erlend Loe har skrive bok om å flykte frå den verkelege verda og inn i draumane. Drømmenes sykkelregister handlar om Solveig som ikkje følar seg særleg suksessrik i kvardagen. Etter at sykkelen hennar blir stole i draumeverda, forsvinn ho meir og meir inn i en imaginær verkelegheit som etter kvart tar heilt overhand.

Ytringsfridom og polarisering

Diaries of war

I den grafiske romanen Diaries of War utforskar forfattar Nora Krug både det personlege og det politiske livet under krigen i Ukraina. Boka viser krigens ulike realitetar gjennom vitnesbyrd frå forfattarens korrespondanse med ein ukrainsk journalist og ein russisk kunstnar.

Alt er mitt

Ruth Lillegraven har skrive krimboka Alt er mitt om ekteparet Haavard og Clara. De lever eit tilsynelatande velfungerande familieliv på Oslos vestkant med kvar sin prominente jobb. Etter fleire brutale drap i hovudstaden, byrjar ekteskapet å sprekke. Kor godt kjenner dei eigentleg kvarandre?

Norsk PEN

Ungdom i dag har tilgang til fleire plattformer for å uttrykke seg, men kor enkelt er det eigentleg å ytre seg i dagens ytringsklima? Og i kva grad tek media ansvar for å styrkje ungdomens røyster og ruste dei mot motstemmer og kommentarfelt? Norsk PEN inviterer vidaregåande elevar og mediehus til eit spennande dialogmøte kor dei ønskjer å utforske desse spørsmåla saman, med mål om å skape ein meir inkluderande og tryggare ytringsarena for unge.

Natur og klima

Må vi slutte med olje?

Anne Karin Sæther har skrive boka Må vi slutte med olje? som utforskar utfordringane ved å avslutte oljebruk. Boka tek føre seg oljens historie, bruksområde og miljøpåverknad i eit forsøk på å gi ei større forståing av alle sider av klimadebatten.

Timeplan

*Programmet på fredag er nå fullt.
Del Innhald