Skip to the content
Liya Shin_Unsplash

Dato: 12.02.2022

Tid: 16.30 - 17.30

Stad: Auditoriet

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Litterær bestøving

«Visst stjeler jeg! Jeg stjeler som en ravn!» Slik var tittelen på eit essay forfattaren Stig Sæterbakken skreiv i tidsskriftet Bokvennen i 2011. Georg Johannesen på si side skal ha forakta lesarane sine fordi dei ikkje forstod at nesten alt han skreiv, var sitat. 

Frå tid til anna blir forfattarar og journalistar skulda for plagiat. Kvar går eigentleg grensa mellom litterær inspirasjon og litterært tjuveri? Kva er intertekstualitet og litterært felleseige, og når går inspirasjon over til å bli plagiat? 

Vigdis Hjorth har sidan debuten tidleg på åttitalet vore ein av Noregs mest produktive og kritikarroste forfattarar. Ho har gitt ut ei rekke skjønnlitterære bøker, og har også gitt ut essaysamlingar. Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2011 og har gitt ut tre diktsamlingar og to romanar. Litteraturvitar, forfattar og omsettar Margunn Vikingstad er samtaleleiar når forfattarane går opp grensa for kva ein kan tillate seg og ikkje i samspel med andre sine tekstar.

Del Innhald