
Dato: 11.02.2022
Tid: 12:00 - 12:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 160/80 (student)
Å veve langsamt
Derung er eit minoritetsfolk som hovudsakeleg held til i Yunnan-provinsen i Kina.
I 2015 initierte Beijing Contemporary Art Foundation og motemerket Klee Klee prosjektet Naze Naze, som har til føremål å verne og utvikle Derungs veve-tradisjon og framheve verdien av lokalt kvinnearbeid. Naze naze brao betyr "å veve langsamt" på derunsk.
Journalist og forfattar Yimin Mao vil fortelle om Derung-folket, veve-tradisjonen og Naze Naze-prosjektet saman med forskar Yunyun Zhou som leiar samtalen. Mao deltek direkte frå Kina.
Samtalen blir produsert i samarbed med Northing, grunnlagt av arkitekt Ben Wenhou Yu og designar Yilei Wang, og er ein plattform for publisering, design, kulturelle hendingar og tverrkulturell kommunikasjon. Med base i Bergen og med kulturell bakgrunn frå Kina, vil Northing fremme norsk kultur blant kunstnarar og designarar i Asia og omvendt.