Skip to the content
}

Antony Dapiran

Antony Dapiran (f. 1975, Australia) er advokat, fotograf og forfattar av boka City of Protest: A Recent History of Dissent in Hong Kong, som har blitt framheva som ein av dei viktigaste bøkene om dei pågåande politiske protestane i Hong Kong. 

Dapiran har budd i Hong Kong og Beijing i over 20 år, og snakkar mandarin flytande. Som ein av Kina sine fremste advokatar innan selskapsøkonomi har han vore rådgjevar for mange store bedrifter i landet. Han har skrive tekstar for ei rekke internasjonale publikasjonar, og blir sett på som ein leiande autoritet på Kina-relaterte emne.

City of Protest blei publisert i 2017, og vil i 2020 få ein oppfølgjar, City on Fire. Han har dekka protestane i Hong Kong i 2019 for aviser som Guardian, Atlantic, og New Statesman.

Del Innhald