Skip to the content
}

– Skrivinga opnar ei ny verd

Publiseringsdato:

29.01.2020

Innsette frå Bjørgvin og Bergen fengsel står på scena under årets LitFestBergen.

– For mange av dei innsette har skrivinga blitt ein ny interesse, som opnar ei ny verd, fortel forfattaren Annette Mattsson. I ti år har ho leia skriveverkstaden i Bjørgvin fengsel, der dei innsette det siste året har skrive om festivaltemaet kvardag, i samarbeid med LitFestBergen.

Under festivalen vil publikum få eit unikt innblikk i livet som langtidsinnsett, når skrivelærarane Annette Mattsson og Eivind Riise Hauge står på scena saman med to av dei innsette som har delteke, Bjørn Dahl og «Lars». Kva tyder ordet «kvardag» for ein som sit i fengsel, der kvar dag liknar ein annan, samtidig som ingenting er som normalt?

– Mange av dei innsette vil gjerne skrive sjølvbiografisk om temaet, fortel Mattsson.

– Kontakta med både dei næraste og med omverda blir jo sterkt redusert når ein sit inne. Skrivinga kan då bli ein måte å halde fast på. Nokre er også opptekne av å skrive kritisk – å formidle kva dei opplever som urettferdig. Opplevinga av å miste fridomen sin er også eit tema som går igjen i tekstane.

Løftar fram andre stemmer

I følgje festivalsjef Teresa Grøtan er motivasjonen for samarbeidet med fengsla ein kombinasjon av rein nysgjerrigheit og eit ønske om å løfte fram andre stemmer enn dei ein vanlegvis får tilgang til.

– Å formidle litteratur skriven av innsette er unikt, og heilt i tråd med ønsket vårt om å bringe nye stemmer inn i offentligheita, seier Grøtan.

Skrivelærar Mattsson trekker også fram tydinga som festivalen har hatt for deltakarane i skriveverkstaden det siste året.

– Det er viktig å ha eit mål å jobbe mot. Litteraturfestivalen gir ei muligheit til å nå ut til verda utanfor, noko dei har opplevd som motiverande.

Mattsson har vist deltakarane noko av programmet på LitFestBergen, som for mange var eit innblikk i ei verd dei ikkje har hatt så mykje kjennskap til.

– Mange av dei innsette kjem frå miljø som ligg ganske langt frå dette, og har ikkje hatt noko kontakt med litteratur på denne måten. Men mange forandrar seg i løpet av tida dei sit inne, og får nye interesser og verdiar. Skrivinga gir ein sjanse til å lære å sette ord på tankar og kjensler, og å stå i det. For mange opnar den ei ny verd.

Del Innhald