Skip to the content
}

Kvardag tema for 2020

Publiseringsdato:

03.12.2019

- Programmet for neste års LittfestBergen vil utfordre forståinga vår av kvardag, seier festivalsjef Teresa Grøtan.

Det var på ein restaurant i den sørafrikanske byen Durban at Teresa Grøtan byrja å få nokre nye tankar om det som skal vere temaet for Bergen internasjonale litteraturfestival i 2020: kvardag.

– Eg var nettopp komen til Sør-Afrika som student, og var ute for å ete saman med to nye vener, fortel Grøtan.

– Eg hadde budd i USA og syntest i starten det var vanskeleg å skjøne engelsk med sørafrikansk aksent, så då kelneren kom og snakka til meg, ba eg han om heller å vende seg til venene mine. Det hjelpte ikkje, han berre heldt fram å snakke til meg, heile kvelden, sjølv om eg ikkje fekk meg kva han sa.

Først seinare forsto Grøtan kva som kanskje hadde vore årsaka: kelneren var kvit, medan venene hennar var svarte. Dette var i 2000, altså under seks år etter opphevinga av apartheid.

– Opplevinga var ei av mange som var med på å gjere meg interessert i politiske strukturar, og korleis desse grip inn i folk sine kvardagar, seier Grøtan, og legg til:

– Det er vanane og oppførselen vi har lagt oss til i kvardagen som tek lengst tid å forandre. Dei sit i lenge etter at lovverket har blitt forandra, slik kelneren si motvilje mot å servere svarte gjorde.

Å auke forståinga for verda

Festivalsjefen lovar mange programpostar som krinsar rundt kvardagstematikken på nye og uventa måtar under neste års LittfestBergen.

– Vi vil utforske «kvardag» frå ein litterær, kunstnarisk, politisk og historisk innfallsvinkel, seier Grøtan.

– Alle menneske har ein kvardag, også dei som lever i krig eller sit i fengsel. Dette er noko publikum vil få høyre om, til dømes i møtet med den syriske romanforfattaren Khaled Khalifa, som har blitt buande i heimlandet sitt gjennom heile krigen.

Syriske Khalifa er ein av forfattarane som blir presenterte i det første programsleppet dag. Nyleg blei den siste romanen hans, Death is Hard Work, nominert til National Book Award i USA. Boka er under omsetting til norsk.

Poetar frå USA, Russland og India

Det er også klart at romanforfattar og poet Maria Stepanova frå Russland, poet og essayist Mary Ruefle frå USA og romanforfattar, poet og dansar Tishani Doshi frå India vil ta del når festivalen går av stabelen frå 6. til 9. februar. Utover hausten vil festivalen ha jamnlege slepp av fleire namn og programpostar.

– I tillegg til å presentere litteratur av høg kvalitet har festivalen som mål å auke forståinga for verda og menneska sin plass i den, seier Grøtan. – Ein av måtane vi vil få til dette på er å ha stor geografisk breidde i utvalet av forfattarar.

Til festivalen kjem fire forfattarar og akademikarar frå Sør-Afrika, landet ho sjølv kjenner godt etter å ha budd i to lengre periodar i landet. Festivalsjefen gler seg ekstra mykje til å ønske velkomen til Njabulo Ndebele, Hedley Twidle, Jonny Steinberg og Koleka Putuma:

– Vi kunne knapt ha fått ei betre samansetjing av sørafrikanske forfattarar. Gjennom essayistikk, poesi, romanar og narrativ sakprosa fortel dei historier om Sør-Afrika i tida etter apartheid som eg trur vil vere overraskande for mange.

 

Del Innhald