Skip to the content
}

Hjørdis Losnedahl ny programrådgivar

Losnedahl tek over som programrådgivar etter Sandra Lillebø, og tek til i stillinga i mai.

– Eg gler meg stort til å begynne å jobbe i ein så fin festival som LitFestBergen, seier Hjørdis. Festivalen presenterer eit svært omfangsrikt, viktig og interessant program, og eg ser fram til å vere med på å løfte festivalen vidare.

Hjørdis Losnedahl (1971) har lang erfaring fra kultur- og festivalarbeid. Ho kjem til LitFestBergen frå Nordiske Mediedager, der ho har vore prosjektleiar sidan 2014. Før det var ho i mange år tilsett i Festspillene i Bergen. 

Hjørdis var også medeigar i Logen Teater, der ho jobba som administrasjonsleiar frå 2000-2005. 

Ho er utdanna cand.mag. frå UiB med litteraturvitskap, teatervitskap og mellomfag i fransk. Ho sit også i styret i Teaterdrift AS (Cornerteateret).

– Hjørdis har lang og solid erfaring frå kulturlivet og med festivalarbeid, og er godt orientert innan norsk og internasjonal litteratur. Det er ingen tvil om at vi har fått ein strålande kandidat til jobben, seier festivalsjef Teresa Grøtan.

 

Del Innhald