Skip to the content
}

Ein farleg dans for kvinner

Carlo Pizzati

– India har gjort store framsteg når det gjeld rettar knytte til kjønn og seksualitet. Likevel høyrer vi stadig nye skrekkhistorier, seier Tishani Doshi.

Indiske Tishani Doshi, som skal opptre både som dansar og forfattar under årets LitFestBergen, er ei allsidig kvinne. I løpet av karrieren sin har ho mellom anna vore cricket-spaltist, konkurrert i synkronsvømming og vore leiande dansar i Chandraleka-truppen. Men i forfattarskapet hennar er konsentrasjonen klar: Doshi har skrive om ulike sider ved feminitet, vald og lidenskap, alltid sett gjennom eit multikulturelt perspektiv.

Korleis takle frykt

– Diktet «Girls Are Coming Out of the Woods», som òg er tittelen på den siste diktsamlinga di, tematiserer vald imot kvinnar. Korleis verkar trusselen om vald inn på kvardagen til kvinnar i India?

– Når frykta først begynner å slå rot er den uhyre vanskeleg å bli kvitt. Når du er kvinne i India, uansett kor trygg eller utrygg du kjenner deg, har du ei lita, men alltid nærverande merksemd retta mot omgivnadene dine, mot sikkerheita di. Statistikkane viser at det er ein farleg stad for kvinner, men historiene frå India som gjeld kvinner er også herlege og utruleg myndiggjerande. Det er altså eit spørsmål om korleis ein skal handsame frykta si, å ikkje bli kua av den, å insistere på det vakre og frie i livet – men også å hugse korleis politiske rørsler kan endre samfunnet.

– Eg har kjensla av at vi no er inne i ei utruleg transformativ tid i India, trass i at det også er ei mørk tid, politisk sett. Det er ei kjensle av at unge menneske no krev endring, at dei protesterer mot det dei er ueinige i. Dei vil ha større openheit. Det har blitt tatt rettslege avgjerder som har ført til store framsteg i rettar knytte til seksualitet og kjønn. Likevel høyrer vi stadig nye skrekkhistorier. Det står att å sjå korleis det vil påverke oss å stadig ta eitt steg fram og to tilbake på denne måten. Eg håper at den dansen ein dag vil endre seg.

Mangfald 

– Hovudpersonen i romanen Small Days and Nights er av indisk-italiensk opphav. Sjølv er du britisk-indisk, og har budd ein del år i USA. Korleis har banda dine til ulike kulturar påverka skrivinga di?

– Mangfald på tvers av kulturar er sjølve kjernen i forståinga mi av verda. Eg kan ikkje førestille meg korleis det ville vere å sjå verda gjennom eit anna filter enn dette. Eg har skrive om fridomen som tilhøyrsla til ulike kulturar gir – kjensla av at du kan vere heime kvar som helst. Men eg har òg skrive om det vonde i å stå på utsida – og vi lever i ei tid der denne opplevinga er forsterka – og om korleis dei som har ei kjensle av fødselsrett og dei som migrerer blir sett opp mot kvarandre. Eg trur at denne kjennskapen til å vere på utsida har vore sentral i danninga mi som forfattar – og den held fram med å drive meg.

Nye dikt

– I fjor ga du ut romanen Small Days and Nights, og i tillegg til skriving har du ein etablert karriere som dansar. Kva for prosjekt arbeider du med no?

– Akkurat no underviser eg ved New York University i Abu Dhabi, så eg brukar mykje tid på studentane mine og arbeidet deira, og det har vore fasinerande å få ha ei slik mentor-rolle. Men eg har også nye dikt som eg arbeider med, i tillegg til at eg gjerne vil byrje å arbeide med ei bok som kanskje skal bli ein memoar, eller kanskje meir ein refleksjon, rundt kroppen og det å danse.

Del Innhald